Logo

Den Norske Kyrkja

Spørsmål

Her er svar på nokon vanlege spørsmål:

1: Eg får feilmelding når eg sender inn skjemaet
A: Dette er ofte relatert til nettlesar eller bruk av cookies i nettlesaren.
Forsøk ein annan nettlesar, eller prøv på ei anna datamaskin/nettbrett eller liknande.
B: Tida for sesjonen kan ha gått ut, i tilfelle bør du først samle all nødvendig informasjon før du prøver på nytt.

2: Eg tilhøyrer ein kyrkjelyd/sokn, men skal melde meg på i ein annan
Her skal du velje det soknet der den kyrkjelege handlinga skal finne stad. Er du usikker, ta kontakt med kyrkjekontoret og avklar dette før påmelding.

3: Eg mottek ikkje stadfesting på at skjemaet er sendt inn
Dersom du ikkje får opp melding om at informasjonen er lagra og heller ikkje får nokon e-post, så må du kontrollere om alle påkrevde felt er uytfylt. Desse står oftast med rød tekstforklaring. Gå gjennom desse, fyll ut påkrevd informasjon, og send inn på nytt.

4: Eg har særskilde ønsker eller behov vedrørande mi påmelding
Nytt gjerne merknadsfeltet til å kommentere spesielle ting vedrørande påmeldinga. Du kan og kontakte oss på telefon/e-post eller kome innom kontoret, slik at vi er kjent med behovene i forkant.

5: Andre spørsmål?
Ta gjerne kontakt med oss om dykk har spørsmål.
Kontaktopplysningane finn dykk under kontaktfana på toppen av sida, eller via vår nettside.

 

Kyrkjelege handlingar

Dåp
Dåpsdatoen dykk vel er kun eit ønske, og vi vil ta kontakt med dykk for å avtale endeleg dato. Dette fordi det ikkje er gudstenester i alle kyrkjene kvar søndag, og at det på ein del søndager ikkje passer å ha dåp.
Vi tek kontakt med dykk når påmeldinga blir registrert hos oss.

Vigsel
Dersom dykk ønsker vigsel på ein bestemt dato, så noter dette i merknadsfeltet.
Vi tek uansett kontakt med dykk for å finne ein dato som passer for begge partar. Fyll difor inn korrekte kontaktopplysningar, slik at lettare kan oppnå kontakt. 

Konfirmasjon
Vi prøver så godt vi kan å tilfredstille alle ønska dykk har oppgitt i påmeldingsskjemaet.
I dei tilfeller der det er begrensa antal konfirmantar som kan delta, kan det være at vi må gjere tilpasningar i etterkant. Datoar og evt. aktivitetar dykk vel, er derfor å sjå på som ønsker, så skal vi etter beste evne forsøke å oppfylle desse.

Aktivitetar
Ved påmelding til aktivitetar via denne nettsida, lettar dykk arbeidet for kyrkjekontoret ved å oppgi så korrekte kontaktopplysningar som mogleg. På denne måten kan vi også nå dykk om noko er uklart eller mangelfult.

 

Lykke til med påmeldinga!


2019 - Mi kyrkjeside (26.06.2019 11:51)